![Wink ;)](./images/smilies/icon_wink.gif)
Turbotrykksmålar kjøper du nærmast overalt der en har litt rekvisita. Bildeler har kanskje, eg kjøpte min på Speedparts.
APC-boksa sit vel på same plass i alle 9k (er det ikkje under hanskerom den sit då???), som eg skreiv istad er eg ikkje sikker på om det er av gamletypen boks som er i din eller om det er den nye som må loddast.
For å demontere bankesensoren (Knacksensor) skal du sleppe å jekke opp bilen, bankesensoren ser ut som ein vanlig skrue, med ei ledning inn på den. Viktig at denne vert skrudd åt med rett moment, på 900 er det 20Nm, kva det er på 9000 er eg ikkje sikker på, men det skulle ikkje forundre meg om at det det same.
Når broderen hekta på staget på ein 2.3 turbo jekka vi opp bilen, og fjerna plastplata under motoren, og gjorde jobben "nedaette". WG-stonga sit i området ved turboen. Litt pirkete, men når vi veit kvar du er og kvar du skal (få gjerne med ein dirigent som kikar nedi motorromet) skal det vere grei skuring.
Forskjela på grunnladetrykk og fullt ladetrykk er at grunnladetrykket vert bestemt mekanisk (WG-stonga), og fullt trykk vert bestemmt av APC.
Ang. oljesensoren er det ikkje umulig den er gåen, skifta nettopp oljesensoren på gamlingen sin M95 9k.
Jodå, er frå Sande ja, det vert då ein tur avogtil til Vik, ikkje so veldig ofte, men ofte nok...
![Wink ;)](./images/smilies/icon_wink.gif)
![Wink ;)](./images/smilies/icon_wink.gif)
Ta av lyktene? Det er då plass til ei til. Køyr svenskestuket heilt ut, godt lys er jækla kjekt å ha om vinteren (og sommarnatta også ja), eg saknar ihvertfall mine Bosch Profi som eg hadde på gamlebilen. På bilen eg forhåpentligvis snart skal kjøpe meg i tilegg til 900-en skal eg ihvertfall ha eit par bytter. Vert mest sansynlig Bosch Big Knick, 6-700 for ei lykt er ikkje so gale. Alternativet er Hella Rally 3000, men dei skal visstnok vere skrøplig kvalitet på.