Rookie: Saab 9000 Turbo

Åpent forum for alle Saab entusiaster. Her postes Saab/bil-tekniske innlegg.

Moderator: Moderatorer

TurboKK N473
1,5 bar
1,5 bar
Innlegg: 422
Registrert: 02 jun 2004, 01:00
Sted: Sunnmøre

Legg inn av TurboKK N473 » 04 jun 2004, 16:11

Takk for all hjelp og kommentara hittil :D :D

Det første eg skal gjere no er å stille ned WG-staget før eg gjer noko anna. Såg litt på det idag, men vart ikkje så mykje klokare. Finn ikkje noken plass eller noke stag eg kan skru på. Kan noken beskrive meir i detalj evt. med illustrasjonar/bilder korleis eg gjer det? Og når eg finn det ut, kva vei skal eg skru for å redusere? Og kor mange omdreininga skal eg prøve med først (0.04 bar per omdr.?)? Han eg kjøpte den med sa den lada med over 1 bar, og den skal vel ned på GLT som er 0.45 bar?

Når eg har gjort det kan eg vel begynne å tenke på om APC og bankesensor og alt det funkar...?
SAAB 9000 CSE 2.0t (M97)

Brukeravatar
Hjelle, N6
Site Admin
Site Admin
Innlegg: 8371
Registrert: 25 feb 2003, 01:00
Medlemsnummer: N6
Kontakt:

Legg inn av Hjelle, N6 » 04 jun 2004, 16:23

TurboKK skrev:Takk for all hjelp og kommentara hittil :D :D

Det første eg skal gjere no er å stille ned WG-staget før eg gjer noko anna. Såg litt på det idag, men vart ikkje så mykje klokare. Finn ikkje noken plass eller noke stag eg kan skru på. Kan noken beskrive meir i detalj evt. med illustrasjonar/bilder korleis eg gjer det? Og når eg finn det ut, kva vei skal eg skru for å redusere? Og kor mange omdreininga skal eg prøve med først (0.04 bar per omdr.?)? Han eg kjøpte den med sa den lada med over 1 bar, og den skal vel ned på GLT som er 0.45 bar?
Det vert under turboen, der kjem eit rundt stong unn, og er festa i ein tapp som går nedifrå turboen med eit lite hol i. I det holet sit forhåpentligvis ein låsesplint, og i andre enden av stonga er det gjenga. Den gjenga delen av stonga går inni eit hus som er champangefarga, og er rundt. Det vesentlige her er at låsesplinten er ute, og stonga er hekta av tappen som sit på turboen. Då kan du skru, og du skal skru slik at stonge vert lengre om eg ikkje huskar feil. 0.04bar pr. omdreining kan køyres rett ut, 2.0T16 skal vel ha 0.45 i grunnladetrykk.

TurboKK N473
1,5 bar
1,5 bar
Innlegg: 422
Registrert: 02 jun 2004, 01:00
Sted: Sunnmøre

Legg inn av TurboKK N473 » 05 jun 2004, 19:41

Hjelle, N6 skrev:Det vert under turboen, der kjem eit rundt stong unn, og er festa i ein tapp som går nedifrå turboen med eit lite hol i. I det holet sit forhåpentligvis ein låsesplint, og i andre enden av stonga er det gjenga. Den gjenga delen av stonga går inni eit hus som er champangefarga, og er rundt. Det vesentlige her er at låsesplinten er ute, og stonga er hekta av tappen som sit på turboen. Då kan du skru, og du skal skru slik at stonge vert lengre om eg ikkje huskar feil. 0.04bar pr. omdreining kan køyres rett ut, 2.0T16 skal vel ha 0.45 i grunnladetrykk.
La meg oppunder bilen idag å tok nokon bilder. Såg ikkje kva eg hadde tatt bilde av før eg kom inn igjen og såg dei på maskina :D Trur kanskje eg må kome meg på grav og skru av eksosrøret for å kome lettare til.

Raud pil: Det er det champagnefarga huse? Er det det som heiter magnetventil?
Grøn pil: Er det den tappen som skal vere ein låsesplint i, og den stanga eg skal hekte av og skru på?
Bilde
Stort bilde: http://home.no.net/kkleppe/saab/turbo/1.jpg

Frå andre sida: Den stanga som eg skal skru på slik den blir kortare eller lenger? Lenger då minskar eg trykket, og omvendt?
Bilde
Stort bilde: http://home.no.net/kkleppe/saab/turbo/2.jpg

Bilde
Stort bilde: http://home.no.net/kkleppe/saab/turbo/3.jpg

Dersom det er slik det skal gjerast so virka det ikkje so vanskeleg...
Sist redigert av TurboKK N473 den 05 jun 2004, 19:45, redigert 1 gang totalt.
SAAB 9000 CSE 2.0t (M97)

Brukeravatar
Jon Magnus N251
1,5 bar
1,5 bar
Innlegg: 460
Registrert: 14 nov 2003, 01:00
Medlemsnummer: N251
Navn: Jon Magnus
Bil: M84 og900, M02 9-3 SE
Sted: Drammen

Legg inn av Jon Magnus N251 » 05 jun 2004, 19:44

raud pil er vel wastegate klokka?
"Dirt is for real racing....Asphalt is just for getting there"

TurboKK N473
1,5 bar
1,5 bar
Innlegg: 422
Registrert: 02 jun 2004, 01:00
Sted: Sunnmøre

Legg inn av TurboKK N473 » 05 jun 2004, 19:48

TurboTaf skrev:raud pil er vel wastegate klokka?
Ok. Men det er den som opnar og lukker WG? Kva er det som heiter magnetventil da?
SAAB 9000 CSE 2.0t (M97)

Brukeravatar
Hjelle, N6
Site Admin
Site Admin
Innlegg: 8371
Registrert: 25 feb 2003, 01:00
Medlemsnummer: N6
Kontakt:

Legg inn av Hjelle, N6 » 06 jun 2004, 11:29

Bingo!
På den raude ilar er det champangefarge huset ja, det er WG-klokka som enkelte kallar det, og av det kjem ordet WG-stong, som du har lokalisert ved den grøne pila.
Ser du manglar låsesplinten, so det skal berre vere å hekte av, og skru.
Og når du er ferdig å skru er det ikkje dumt å sete i noko som låser, slik at du slepp slike flaue situasjonar der du plutselig ikkje har turbotrykk, då stongar kan hoppe av. (Broderen har BTDT)

Magnetventilen finn du fremst i motorromet ved radiatoren på den sida batteriet sit på (venstre side når du sit inni bilen) rett ved radiatorvifta, er ein svart sak med tre slangar inn, og ei kontakt som gir straum.

TurboKK N473
1,5 bar
1,5 bar
Innlegg: 422
Registrert: 02 jun 2004, 01:00
Sted: Sunnmøre

Legg inn av TurboKK N473 » 08 jun 2004, 22:04

No har eg skrudd ned GLT på WG-stonga. Eg måtte ta av eksosrøret for å kome til skikkeleg da. WG-stonga var heilt innskrudd :? , så eg veit ikkje kor mange bar den lada med då. Noken so har peiling? Men uansett så skrudde eg 14 omdreininga. Så dersom kvar omdreining tilsvara 0,04 bar, so har eg skrudd GLT ned 0,56 bar. Eg såg då ca. 12-13mm med gjengar på WG-stonga.. Der var ein "splint" nedi sporet, som hindra WG-stonga i å falle av. So for meg såg det vanskele ut at den berre skulle hoppe av ta seg sjølv. Men laga meg no eit klips av litt streng so eg satte nedi holet midlertidig.

Eg har ikkje fått kjøpt meg gradert ladetrykksmålar enda, men korleis koblar eg den til? Får eg med slangar/kablar og sånt? Går det an å koble til den utan å koble ut den originale? Og kvar er det enklast å montere den, med tanke på legging av kablar og det?

Når eg starta opp og kjørte igjen etterpå, kjørte der en kompis bak meg og han sa det rann noke ut av eksosrøret. Det var svart, men konsistensen var vatn (sikkert svart av sot). Sjølv om den har gåen stempelringar "renn" det vel ikkje olje ut av eksosrøret, den brenn vel opp so å sei? Kan hende det har våre der heile tida berre at eg ikkje har sett det... Kva er det, og kva kjem det av?

Eg kunne heller ikkje høyre noko tydeleg tenningsbank som eg har hørt før (en slags knitring t.d. når eg slepp gassen i 3.000rpm for å gire). Men der kan jo fortsatt vere tenningsbank eg ikkje hører.

No veit eg ikkje kva ladetrykk som er på den eller om APC funkar, men eg syns den gikk litt dårleg til å skulle vere 175hk (men no har eg berre skikkeleg komp på 3 syl da)

Men neste steg er vel å sjekke om APC'en funkar. Korleis gjer eg det? Eg las på http://popeye.rty.nu/ korleis eg skal teste det, men det stod at der forutsatte at motoren var i god stand, og min er vel ikkje heilt det. Men kan eg bruke den guiden han har til å trimme APC'en min? Den gjeld no vel eigentleg for 900 turbo.

No kjeme eg ikkje på noko meir foreløbig, men eg håper jo å få svar på det eg har sagt hittil :D:D:D

Edit: Eg fann også ut 2 nye ting idag.

Det eine er at det såg ut som det rant litt olje ut av dumpventilen!!?? Lurer på å berre ta bort dumpventilen og bruke den originale avlastningsventilen, slik eg får riktig blanding. Er det korrekt, eller er det ikkje nødvendig?

Det andre er at eg såg eit mikroskopisk hol i trykkrøret som går får IC og opp til insuget. Det ser ut som den har gnikka mot eine festet til batteriet, for der er blitt ei slags grop der. Holet er var ikkje større enn ca. 1mm i lengderetning og 0,5mm i bredda. Går det an å berre tette dette, og i tilfelle med kva? Eller må eg skifte heile røret?
SAAB 9000 CSE 2.0t (M97)

Brukeravatar
Hjelle, N6
Site Admin
Site Admin
Innlegg: 8371
Registrert: 25 feb 2003, 01:00
Medlemsnummer: N6
Kontakt:

Legg inn av Hjelle, N6 » 09 jun 2004, 09:46

Grunnladetrykket skal som sagt vere 0.45bar, har du korrekt GLT no, har GLT med deg vore ca. 1bar tidligare, og det er aaaaaalt for høgt.
Ein streng som vert som ei slags plombering skal funke OK, det skal litt meir til for at staget då evt. hoppe av.

Den graderte ladetrykksmålaren kan du kople til permanent, eller gjere som meg, kople den til ved behov. Vil du ha den permanent er det monge som splittar inntaket til den orginale målaren, veit ikkje om det er den beste måten, men det kan vel andre svare på. Når eg måler ved behov brukar eg å splitte den slangen som går inn i kupeen, altså den som går ut frå innsuget. (altso den same slangen som enkelte blendar når dei skal feilsøke på trykkvakta) Var på det lokale verftet her og fikk kjøpt meg vacuumslange som er long nok (ordna meg ca. 3 meter, slik at det slulle vere nok for dei fleste provisoriske testar), og har slangen inn gjennom glaset når eg køyrer. Skulle eg ha lagt opp noko som var meir permanent hadde eg nok fått meg taki noko mjukare slange, denne eg har er veldig stiv, mest sansynlig for at den tåler ca. 100 gongar meir enn det som er sunt å lade på ein SAAB turbo.
Du får BTW med både slange og splitt (t-adapter) når du handlar målar på Speedparts, ihvertfall gjorde eg det når eg kjøpte min. Ellers kan du kjøpe veskefylltmålar på Tess, men det vert nok ein heilt annan pris, men enkelte seier dei er meir nøyaktige. På den eg kjøpte frå Speedparts var det også tilkopling for lys i målaren, til det treng du selfølgelig litt straum, men det burde ikkje vere umulig å få taki om du skal montere målaren permanent. Men skal du køyre orginalt (altso med orginalt trykk, 0.75bar) treng du ikkje anna enn den orginale, ein gradert er kun interesant å ha i bilen om du ladar utover det orginale, synes ihvertfall eg.

Men somsagt, om du har stillt GLT realt ned, kan det hende at du har stillt det for longt ned, og berre 0.1 bar der gjer stor forskjel. BTDT.

Trykkrøret ditt, er det slange eller er det som på enkelte 900-ar i metall?

TurboKK N473
1,5 bar
1,5 bar
Innlegg: 422
Registrert: 02 jun 2004, 01:00
Sted: Sunnmøre

Legg inn av TurboKK N473 » 09 jun 2004, 12:59

WG-stonga var heilt skrudd inn og han som eg kjøpte den med sa han at den botna en 1bars ladetrykksmålar.. so den lada sikkert over 1 bar før. Eg trur eg får meg ladetrykksmålar til helga so då skal eg få orden på det.

Trykkrøret er av metall der det er hol... Så det går vel an å tette det med noko.

Edit:

Var ute å testa bilen i stad. Ville sjekke om APC funka (veit ikkje om det er måten å teste det på da). Først kjørte eg jevnt i 80 i 3. gir og på eit vist referansepunkt ga eg full gass og holdt den inne til neste ref. punkt (ca. 200m i slakk oppoverbakke). Då kom eg opp i 140km/h. So tok eg ut sikringa til APC og prøvde igjen. Då kom eg opp i ca. 135km/h. Likt?

Dersom det er likt så er det vel APC som ikkje funkar. Evt. fortsatt tenningsbank? Eller er ikkje dette måten å teste om APC funkar på?
SAAB 9000 CSE 2.0t (M97)

TurboKK N473
1,5 bar
1,5 bar
Innlegg: 422
Registrert: 02 jun 2004, 01:00
Sted: Sunnmøre

Legg inn av TurboKK N473 » 12 jun 2004, 01:13

:above: Anyone?
SAAB 9000 CSE 2.0t (M97)

Brukeravatar
Hjelle, N6
Site Admin
Site Admin
Innlegg: 8371
Registrert: 25 feb 2003, 01:00
Medlemsnummer: N6
Kontakt:

Legg inn av Hjelle, N6 » 12 jun 2004, 15:43

TurboKK skrev: Var ute å testa bilen i stad. Ville sjekke om APC funka (veit ikkje om det er måten å teste det på da). Først kjørte eg jevnt i 80 i 3. gir og på eit vist referansepunkt ga eg full gass og holdt den inne til neste ref. punkt (ca. 200m i slakk oppoverbakke). Då kom eg opp i 140km/h. So tok eg ut sikringa til APC og prøvde igjen. Då kom eg opp i ca. 135km/h. Likt?

Dersom det er likt så er det vel APC som ikkje funkar. Evt. fortsatt tenningsbank? Eller er ikkje dette måten å teste om APC funkar på?
Er litt på gyngande grunn her, men om du testar med å ta ut straumkontakta for magnetventil (MV), køyrer du på grunnladetrykk.
Du kan notere deg korleis målaren oppfører seg då, og etterpå køyre med MV tilkopla (eller omvendt) for å sjekke.
Ver kanskje litt feil å seie for din bil just nu, då du ikkje har justert korrekt grunnladetrykk....
Denne måten vil kun bevise om APC fungerar eller ei når det det gjeld å få meir ladetrykk, eg veit desverre ikkje om korleis du kan sjekke om den fungerar ihht tenningsbank.

Men eit spørsmål her, om en tek ut sikringa til APC skal vel bilen kun gå på grunnladetrykk om eg ikkje har tele heilt feil?

TurboKK N473
1,5 bar
1,5 bar
Innlegg: 422
Registrert: 02 jun 2004, 01:00
Sted: Sunnmøre

Legg inn av TurboKK N473 » 12 jun 2004, 23:32

Idag har eg fått meg turbotrykksmålar. Det var ein billeg en på BilXtra, CD-Cardic til 210kr. Den måler berre frå -1 til 1,5 da.. men eg kjem sikkert ikkje til å lade med meir alikavel :D

Men den slangen so følgde med var berre noko drit. Ein plastslange som var bunta saman og det gjekk ikkje an å strekke den ut. Men eg skal få tak i andre slangar imorga. Og bruksanvisninga som følgde med kan eg likso godt berre kaste med ein gong.. Blei ikkje noko klokare av den.. Berre nokon dårlege illustrasjonar, ingen tekst..

Men kan eg berre montere ein T-kobling på den slangen som går frå insuget og gjennom torpedoveggen? Når eg kobla av den virka ikkje den originale målaren so det er vel slangen til den.

Når eg har fått orden på målaren skal eg justere GLT skikkeleg, og då kan eg vel begynne å tenke på APC og det?
SAAB 9000 CSE 2.0t (M97)

Svar