"Vatten i bränslet, kontakt verkstad"
Moderator: Moderatorer
"Vatten i bränslet, kontakt verkstad"
Fekk denne beksjeden i SIDen i går, lot derfor bilen stå då eg ikkje veit kva det går i. Har funne ut i div forum at det er snakk om ein vatnbeholdar ved dieselfilteret som antakeleg er fullt og må drenerast. Nokon som har vore borti dette og veit korleis det gjerast? Bilen er forøvrig ein Saab 9-3 1,9 TiD 08 modell. Evt bilete eller teikningar hadde vore til stor hjelp!:)
- Hjelle, N6
- Site Admin
- Innlegg: 8371
- Registrert: 25 feb 2003, 01:00
- Medlemsnummer: N6
- Kontakt:
Re: "Vatten i bränslet, kontakt verkstad"
Det skal drenerast ved filteret. Filteret sit på bensintanken, har du bilen på bukk vil du sjå det greit underifrå. Ta av plastkåpa som beskyttar filteret, du vil då sjå ei el.kontakt. Ta av kontakta på givaren, løys deretter givaren ved å vri den moturs, og vatnet vil renne ut. Deretter monterar du givaren att og koplar på kontakta.
Men om du nylig har fått opp meldinga er det inga krise, meldinga kjem opp når nivået i "vasstanken" er 60%, dvs 60ml.
Men om du nylig har fått opp meldinga er det inga krise, meldinga kjem opp når nivået i "vasstanken" er 60%, dvs 60ml.
Re: "Vatten i bränslet, kontakt verkstad"
Ok. Har lest at vasstanken skal sitte framom ve bakhjul, kjem eg til ved å jekke opp og evt skru av hjulet? Har ikkje tilgang på bukk..ellers takkar eg for svaret ditt!
- Hjelle, N6
- Site Admin
- Innlegg: 8371
- Registrert: 25 feb 2003, 01:00
- Medlemsnummer: N6
- Kontakt:
Re: "Vatten i bränslet, kontakt verkstad"
Det har eg igrunnen aldri tenkt over, dei gongane eg har bytta filter på diesel har eg hatt tilgong på bukk, Sist vart det en nødrep på en bensinstasjon eller filteret rett og slett gikk lekk etter tanking. Var heldig at filter kunne skaffast rimelig kjappt, og en fikk låne bukk på stasjonen for å bytte det sjølvberg skrev:Ok. Har lest at vasstanken skal sitte framom ve bakhjul, kjem eg til ved å jekke opp og evt skru av hjulet? Har ikkje tilgang på bukk..ellers takkar eg for svaret ditt!

Re: "Vatten i bränslet, kontakt verkstad"
Slik gjekk dette: Filteret sit på ve side like framom ve bakhjul og er lett å sjå. I det eg skulle jekke opp bilen såg eg ei stripe 5 cm brei etter bilen samt sterk diesellukt, hadde då køyrt den 100 meter. Såg då at det draup diesel frå filteret. Jekka opp bilen, kobla ifrå sensoren og skrudde av dekselet. Såg då at det draup i frå filteret der sensoren er plassert. Forsøkte å skru av filteret på opjekka bil, fann raskt ut eg måtte ha ei filterklemme. Tenkte med meg sjølv at dette måtte verkstaden ta, monterte det eg hadde demontert og skrudde på tenninga med opa dør. Hørte då sildring under bilen. Med tenninga på og dieselpumpa i gang er det snakk om ein lekkasje på fleire liter i minuttet. Ringte deretter NAF-bilen og fekk utyskje ifrå meg. Dagen etter ringte mekanikaren, fekk bytta filter og sensor = alt i orden men 2500 fattigare.
Filteret var bytta på service i januar, eg lurer svært på kva som har skjedd her? Hjelle; du seier filteret ditt gjekk lekk under tanking? Mekanikaren min trudde det kan ha vore steinsprut under bilen då filteret sit noko utsatt til..og eg sjølv kan ikkje hugse å ha kome borti noko under bilen..
Filteret var bytta på service i januar, eg lurer svært på kva som har skjedd her? Hjelle; du seier filteret ditt gjekk lekk under tanking? Mekanikaren min trudde det kan ha vore steinsprut under bilen då filteret sit noko utsatt til..og eg sjølv kan ikkje hugse å ha kome borti noko under bilen..
- Hjelle, N6
- Site Admin
- Innlegg: 8371
- Registrert: 25 feb 2003, 01:00
- Medlemsnummer: N6
- Kontakt:
Re: "Vatten i bränslet, kontakt verkstad"
Kva som eksakt skjedde veit eg ikkje, då dette var far min sin bil. Sjølv har eg aldri eig ein dieselbil 
Eg kom til etter det skjedde med verktøy for å reparere, men etter det han sa tanka han bilen, deretter starta han opp og la merke til stripa med diesel etter seg når han køyrde vekk ifrå pumpene. Når han då opna døra merkar han sjølvsagt lukt av diesel og er snar å stoppe motoren og slå av tenninga. Kva som egentlig skjedde vart det ikkje spekulert i, tema der og då var å få bilen igong att. Var vel helst tilfeldigheitene som gjorde at det gikk lekk akkurat på bensinstasjonen trur eg. Men ikkje usansynlig det du seier om steinsprut, men det dekselet som sit der skal jo i utgongspunktet beskytte for slikt.