Det eg veit om trimming/modifisering går stort sett på eldre Volvo motorar så tenkte eg skulle lage ein liten tråd å spørre dei med peiling

Kan jo begynne med det grunnleggande

Kva blir ansett som maks "safe" turbotrykk på B205 motoren, og kor mykje tålar org turbo? Kor mykje moment holder org clutch?
Vidare så blir jo FM nettet stengt, hadde ikkje brydd meg noko om org spelar hadde AUX/3.5mm inngang, men det har den då ikkje.

Kan fint skaffe spelar med, men må vel litt arbeid til for å tilpasse den? Nokon som har installert "vanleg" spelar med godt resultat?
I Volvoverden er det jo og ein del måtar å få nokre ekstra hestar uten å måtte bla opp titusenvis av kroner (bla topper og kammer). Er det noko liknande tilgjengeleg for Saab? Ser jo ein del som tilbyr chiptuning, veit ikkje heilt kor anbefalt detter er? Blir jo "one tune fits all"
Aller sist, er det nokon som lagar adaptere for å montere MOMO/OMP/etc ratt?
Beklagar om nokre av spma har blitt stilt før, fekk lite info frå google