Vel, dei fleste kjenner vel mitt synspunkt på dette, men alle SAAB-ar har faktisk noko unikt med seg, selfølgelig med unntak av 600-en.
Kan starte med 96 V4 som det vart stillt spørsmål med. Etter lengre tids bruk av 2T-motorar i 92/93/95/96 er det klart at folk kanskje ville ha noko som var meir moderne. Historia er som vi kjenner ifrå idag, SAAB hadde ikkje kapital sjølv til å utvikle ein ny motor til 95/96, derfor måtte dei ut å kjøpe ein motor. Trur nok det som fanns av utviklingsmiddlar gikk til 99:an, som vart utvikla på same tid. Valget enda på V4-en ifrå Ford, det som hadde skjedd om SAAB ikkje hadde skifta til ein meir moderne motor fom. M67 i 96-en hadde nok vore at 96-produksjonen hadde opphørt mykje tidligare enn M80, og det hadde nok ført til ein del mindre inntekter for SAAB, alt medan 99:an vart ein del dyrare enn den gamle 96-en. Husk på at 95/96 dei siste åra var direkte pengar inn, det vart selfølgelig brukt litt på oppgraderingar osb, men i det store og heile var dette ein modell som sopa inn pengar for SAAB på 70-talet.
So til neste samarbeid, nemlig mellom SAAB og Triumph. Dei fleste veit vel at motoren som vart nytta i 99:an dei fysste åra var ein motor som var utvikla ilag med Triumph, og SAAB meir eller mindre brukte rett derifrå. Det var fysst i 1972 SAAB bygde eigen motor i 99:an, den høgt elska 2-literen som kom i EMS, og det drøya fram til M75 før alle 99:or hadde 2-literen som "alle" firesylindra SAAB-bensinmotorar dei siste 30 åra igrunnen er bygde på. 9-3SS er den fyste av dei nyare SAAB-ane som ikkje har denne basismotoren. Ein annan ting å ta med er det faktum at SAAB ikkje var særlig intereserte i å bygge ein 16v versjon av motoren, dette var eit arbeid som vart gjordt på dugnad(!!!!) av gjengen som stod bak rallysatsinga til SAAB på slutten av 70-talet. SAAB tok sjølvsagt motoren inn i varmen på starten av 80-talet og forfina løysningane litt, men utviklingskostnadane på B202-motoren var veldig, veldig lave.
På denne tid hadde SAAB sjølvsagt funne ut at 99:an var omtrent 10 år, og sidan dei ikkje fille gå i same baret som med 96:an (altså å vente for lenge på ein større bil) starta SAAB å undersøkje muligheitene for å produsere ein større bil. Fiat, Lancia og SAAB fann som kjent ihop for å lage eit felles utkast, men som Freshmaker seier, det er ikkje stort anna enn dører som går omkvarandre på desse bilane. Men likheita er stor, og det er då folk som har montert Alfa-motorar (Alfa 164 vart seinare utvikla utifrå Fiat Croma) i 9000, og vi har då ein i klubben som har montert eit stort antall SAAB-komponentar i ein Lancia Thema. Men ein ting er klinke klart, og det er at 9000 har gitt SAAB mykje glede, der er tross alt ein bil som gikk ifrå M85 til M98, og har sopa inn ein god del pengar til kassa som SAAB ellers hadde gått glipp av om dei ikkje hadde hatt ein bil i den størrelsen. SAAB hadde neppe vore der dei er i dag om ikkje 9000 hadde eksistert, og gir ihvertfall meg ein SAAB-følelse, dog i mindre skala og på anna måte enn i 900:an. Og eg går i baret stort sett kvar gong eg skal starte ein 9k, nøkkelen sit faktisk på feil plass...
Neste nyutvikling er som alle kjenner til ikkje eit frivillig samarbeid som alle dei andre samarbeida har vore, men eit "tvungent" samarbeid.
Dei fleste kjenner vel historien om at SAAB fikk utdelt utrangerte GM-komponentar til å lage bil av, og eg må seie at SAAB faktisk gjorde ein god jobb når en tenkjer på utgongspunktet. Nokre sier også at dette (seff i lag med og9-3) er den mest typiske SAAB-en som er produsert designmessig, og det er mulig det. Eg meinar ihvertfall at GM900 ikkje vart den bilen det skulle være før og9-3 overtok som M98, hadde dette vore bilen som vart lansert som M94 hadde det vorte ein enså større hit trur eg. GM900 hadde også mykje ny spennande SAAB-utvikla teknologi som vi idag fikk i nyare SAAB-ar.
9-2x og 9-7x forbi går eg i stillheit, og klassar dei på linje med 600-en. Punktum.
So mi oppsummering i dette spørsmålet må vere at 900:an er vel den siste "ekte" SAAB-en, men dei seianre modellane og samarbeidsprosjekta har betydd ein del for SAAB økonomisk, utan desse vil ikkje eg spå korleis det hadde sett ut i dag...