900-en er so ny at SAAB har tetta alle hol for fylling og tapping ser det ut som. Nokon som har skifta olje på ei nyare 900 kasse

Moderator: Moderatorer
OK. Vanskelig å skifte giroljen BTW? (Vanskelig å kome til eller?)Møttemjøl racing skrev:Jepp! Løys skruane på dekselet bak på diff-huset, slik at oljen sipar ut. En fordel om bilen er oppjekka framme slik at all oljen renn attover til diffen. Også en fordel om kassa er varm - tynn olje. Fyll so på 2,5-3 liter vanlig Saab 10-40 mineralsk motorolje, sjekk peilepinnen på fyllepluggen. Kjøyr ein tur, og sjekk nivå igjen. Passelege intervall for gearoljebytte er ein gong annakvart år/evt. 40.000 k, alt ette kva som kjem først. Du må huske å bytte kjølevæske også, minst like viktig som gearoljeskift. Kjølevæska må bytast annakvart år, her er tid meir viktig enn km. Korrosjon i kjølekanalar og radiator vært resultatet viss ikkje dette blir gjort, medfører tidligere skifte av toppakning, radiator, varmekran +++ Det er og lurt å skifte oljen/væska på servostyringa. Her er samme intervall som for gearolje fornuftig. Kan redde servostyringa frå det ordinære havariet rundt 200K. Ei styring som sat i gamle bilen min gjekk 300K uten eit einaste feilslag etter denne resepten. Ellers er bremsevæska fornuftig å skifte når ein montera nye klossar. Som ein liten huskeregel. Motoroljeskift er so basalt at det trur eg du har kontroll på, men likar du godt motoren din so gjeng han på full synt. Mobil1 eller Saab Turbo oil (samme som Mobil1 visstnok) med 10K intervall, filterskifte annakvar gang. 20K er tilstrekkelig viss bilen blir kjøyrt varsamt, men då sammen med filterskifte. Ellers kan det nemnast at indre drivledd (tripoidledd) bør fettast opp ein gong i blant. Dette gjer an enkelt ved å løyse belgen (gjer godt reint først) og presse inn nytt langfibra drivleddfett (får i Puskhola). Hadde det vorte gjort på bilen min, so hadde eg spart meg to daga med skruing i påska. Resten av bilen vedlikehaldast best ved å gløtte til Saabs serviceoppsett. Lykke til!!
OK. Takker for tips.Møttemjøl racing skrev:Boltane bak på kassa er lette å nå. For å tappe av kjølevæska må tappepluggen nere til høgre på radiatuten skruast opp, tappepluggen i blokka under eksosmanifolden på et støpt aluminiumshus må ut samt at varmekrana åpnast. Etter at det har rent frå seg kan systemet spylast. Enklast ved å fylle reint vatn, kjøyre varmt og tappe ner igjen. Evt. kan man spyle oppover fra tappehola med ein slange. Loket i eksp. kammeret må vere ope. Et tips er å løyse slangane som gjeng til varmeapp. og spyle nedafra og opp for å få ut kjølevæske i varmeapp. registeret. Dette er høgst nødvendig om du tenker å bytte til den nye Glykolen (rosa) som Saab selg no. Den er nemlig ikkje blandbar med ordinær glykol. (klumpar seg, og tettar radiatuten). Bruk for all del minst 50-50 blanding glykol/vatn, aller helst 60glykol/40vatn for å sikre korrosjonshindring og smøring av vannpumpa. Servo oljen må drenerast ved å løyse ei av trykkledningane nere på styreventilen på tannstanga. Løys loket på beholdaren, so renn væska lettare ut. Sving so (oppjekka bil) frå utslag til utslag, motoren selvfølgelig ikkje i gang, til at styringa har tømt seg for væske. Skru so tilbake trykkledninga, gjer godt reint først, og fyll på væske i behalderen. Start motoren, bilen framleis oppjekka, og sving fra utslag til utslag for å lufte systemet. Fyll kontinuerlig etter med væske til luftinga er ferdig for å halde rett nivå i tanken. Då skal den jobben vere gjort. Om du kjøpe ei Haynes bok, evt. Saab sine egne verkstadshåndbøker, so stend det meste der. Du verden kor godt hjelpt eg har vore mange gangar av dei. Dessuten veit an Malvin eller an Dagfinn innpå Ødegård ein god grand andre ting so e nyttigt å vete for ein Saab-sjåfør.