Side 1 av 1
Tips for reingjering av frontrute
Lagt inn: 07 jul 2004, 13:53
av Lars_N289
Hei! No var eg på godkjenning med bilen, og noko av det han pirka på var at det er merker i frontruta etter viskararne. Trur det er noko som ligg"utanpå" ruta, altså at det ikker ser slitt seg inn i ruta. Lurte derfor på korleis eg kan få vekk dette, om det lar seg gjere. Eg må prøve alle alternativ før eg eventuelt på skifta ruta

Lagt inn: 07 jul 2004, 15:49
av john n04
Prøv med aceton. Tar ikke den det, er det nok riper i ruten. Uansett, så behandle ruten med rain-x. Det får ruten til å virke mye blankere, og slike feil vises ikke så godt. Brukte det på min, og jeg har riper etter vindusviskerne. Ingen bemerkninger.
Lagt inn: 07 jul 2004, 15:49
av Sølvberg
fortnruta mi vart no gokjend på biltesynet med slike merke og så mykje steinsprut at det er iriterande å kjøyre når det regna........
Lagt inn: 07 jul 2004, 15:56
av Jørgen N237
Ta et halvt eple og bruk den flate siden på ruten.. Funker dritbra..
MVH
Freshmaker
Lagt inn: 07 jul 2004, 16:44
av john n04
Må vel tørke av og

Lagt inn: 07 jul 2004, 18:35
av Hjelle, N6
Ein ting som funkar bra (og er forholdsvis rimlig) til vanlig reingjering av frontrute er spylarveskekonsentrat. Du må selfølgelig vere obs. på at du ikkje sølar på lakken....
Ellers har eg høyrt at eit halvt eple som Freshmaker foreslår skal vere bra.
Og bruk av Rain-X er ei sjølvfylje, for det fysste vert ruta mykje blonkare, for det andre lettare å reingjere, og for det tredje får du ein sjukt stilig effekt når du køyrer i regnver.
Ei forutsetning er sjølvsagt at ruta er 110% rein, og at du legg på 3-4 lag istarten og vedlikeheld med å legge på eit par-tre lag avogtil alt etter som kor mykje du brukar viskarane og kor mykje du køyrer. Men å etterbehandle ein gong annkvar-kvar tredje månad om du køyrer mykje må nok til. Eg klarer meg med å etterbehandle ein gong i månaden. Er ikkje mykje arbeid heller, tek deg kanskje 5 minutt å gjere når du alikavel vaskar bilen.
Har også antydningar til viskarslitasje på ruta mi, men har fått det ganske bra vekk med Rain-X. Du kjøper det på HydroTexaco og Shell, dei har somregel, i tilegg til alle bilrekvisitasjapper med respekt for seg sjølv.
Lagt inn: 07 jul 2004, 23:12
av Lars_N289
Tusen takk for gode tips! Skal prøve desse, håpar det funkar

Lagt inn: 07 jul 2004, 23:49
av Jørgen N237
Må seff spyle av ruten, ta gjerne dette rett etter du har vasket på vanlig måte..
Lagt inn: 09 jul 2004, 16:00
av Lars_N289
Har prøvd litt forskjellig no, men ingenting hjelper. Fekk ikkje tak i rain-x, men eg kjøpte noko som heitte Autoglym Glass polering, ruta blei glatt og fin, men ripene er der fortsatt. Skal prøve å godkjenne den ein annan stad, og om det ikkje går so får eg skifte ruta.

Lagt inn: 09 jul 2004, 18:26
av Hjelle, N6
AutoGlym Car Glass Polish er forholdsvis grei til å rense ruta med, men ingen höjdare når det gjeld holdbarheit. Held kanskje ein dag eller to med regnver, so er effekta vekke.
Reknar med du har prøvd med ei litt kraftig avfeitting?
Lagt inn: 09 jul 2004, 21:20
av Lars_N289
Kraftig avfetting er gjort. Kva kostar eigentleg ei ny frontrute til og900??
Lagt inn: 12 jul 2004, 22:14
av skilpaddaN287
ca 3200 +moms og montering. Dersom du har delkasko kan du umulig ha mer enn 2000 i egenandel på forsikringa. Det er bare å ta kontakt med et bilglassfirma, det hender de slår av på egenandelen for å få oppdraget.