Side 1 av 1

MY99 9-5 SE 2.0t absorpsjonsfilter

Lagt inn: 24 sep 2009, 13:41
av Karl N1641
Funderer på om eg har absorpsjonsfilter (for kupé) på nevnte bil (min). Kan virke som at det er dette som gjerne blir kalt kullfilter. Dette filteret skal iflg serviceheftet vere ekstrautstyr, har SE-utgåver dette? Vidare har eg lest at 9-5 fram til ´00 vart levert med to separate filtre; partikkelfilter (er vel dette som er ved beina til frampassasjeren?) og absorpsjonsfilter.

På 9000 ligger det i høgre framskjerm, bak spylevæsketanken. Meiner å ha lest at kullfilteret på 9-5 skal vere bak ved bensintanken ein stad. Stemmer dette? Nokon som har bilde/beskrivelse av (plassering av) dette, og som har ein beskrivelse på korleis ein bytter dette, dersom ein bør vurdere det?

Re: MY99 9-5 SE 2.0t absorpsjonsfilter

Lagt inn: 24 sep 2009, 20:07
av Skaten N671
Som eg skreiv i prosjekttråden din, så er det to typar kupèluftfilter. Ein type som er kun for partikler, og ein type som tar ein del lukt også (kullfilter). Om du har dette, bør du jo vite sidan du skriv at du nettopp har bytta det. Då kan du kjøpa enten vanleg, eller kull....

Kullfilter til tankutluftinga (kullcanister) er standard på alle bilar ihht miljøkrav. Så det har du på bilen din. Er vel ikkje skifteintervallar på det som eg kjenner til.

Link til speedparts, som viser begge typar kupèfilter: http://www.speedparts.se/shop/prod/res_ ... kupe.shtml

Re: MY99 9-5 SE 2.0t absorpsjonsfilter

Lagt inn: 24 sep 2009, 20:40
av Karl N1641
Skaten N671 skrev:Om du har dette, bør du jo vite sidan du skriv at du nettopp har bytta det. Då kan du kjøpa enten vanleg, eller kull....
Burde eg sikkert, men når eg bestilte kupéfilter, ja så ba eg om, vel, kupéfilter ganske enkelt. Var ikkje klar over at det skal vere ulike variantar av dette....


Bilde


Bilde
Skaten N671 skrev:Det er ofte to typar pollenfilter. Det eine er som det står der; kun eit partikkelfilter. Absorpsjonsfilter er eit kullfilter som absorberer ein del lukt i tillegg til partiklane.
På ei anna side - på lista til Speedparts du her viser til (har ikkje sett denne lista før no i kveld), ser det ut til at dei kun leverer kullfilter som kupéfilter til 9-5.

Grunnen til at eg i utg.pkt begynte å stusse på dette her er at partikkelfilter (kupé) og absjorpsjonsfilter er oppført på kvar si rad i serviceheftet, sjå bilde under. Eg trudde derfor at dette var snakk om to ulike filtre med to ulike plasseringar. Ser sjølvsagt ikkje bort i frå at eg feil.

(klikk på bildet for å få det lesbart)


Bilde

Re: MY99 9-5 SE 2.0t absorpsjonsfilter

Lagt inn: 25 sep 2009, 09:16
av Gunnar N326
Det absorpsjonsfilteret som står ved bensintanken har vel ikke noe med kupeluften å gjøre? :?
Det er vel for å resirkulere bensindampen fra tankventilasjonen? Dette bruker aktivt kull, og det gjør nok kupeluftfilteret også, men ellers har de vel lite til felles..
Regner med at det dukker opp et svar fra noen som virkelig kan dette snart... (Ingvar, er du våken :lol: )

Re: MY99 9-5 SE 2.0t absorpsjonsfilter

Lagt inn: 25 sep 2009, 09:38
av Karl N1641
Gunnar N326 skrev: Regner med at det dukker opp et svar fra noen som virkelig kan dette snart... (Ingvar, er du våken :lol: )
Kanskje me må skriva høgare?

:o ØYH! INGVAR !! :o

:lol:

Re: MY99 9-5 SE 2.0t absorpsjonsfilter

Lagt inn: 25 sep 2009, 10:00
av Skaten N671
Gunnar N326 skrev:Det absorpsjonsfilteret som står ved bensintanken har vel ikke noe med kupeluften å gjøre? :?
Det er vel for å resirkulere bensindampen fra tankventilasjonen? Dette bruker aktivt kull, og det gjør nok kupeluftfilteret også, men ellers har de vel lite til felles..
Som eg skreiv tidlegare, er det filteret som står i tilknytning til bensintanken (kullcanister) påbudt på alle bilar ihht miljøkrav. Dette er også eit kullfilter, men har absolutt ingenting med kupèfilteret å gjera. Utluftninga til bensintanken kan ikkje sleppast ut i friluft. Det føres til kullcanisteret, og så er det ein ventil som slepper dette inn i forbrenninga når motoren går. Dette ere styrt av motorstyreenheten.

Kupèfilteret som er av typen kullfilter, har den fordelen at det tek vekk ein del lukt frå lufta som kjem utanfrå. Som feks eksoslukt o.l., noko eit vanleg kupèfilter (partikkeltype) ikkje gjer.

Re: MY99 9-5 SE 2.0t absorpsjonsfilter

Lagt inn: 25 sep 2009, 10:39
av Karl N1641
Goodie.

Då var det isåfall ganske enkelt kun litt, i mine auger, forvirrande oppført i serviceprogrammet. Då er det godt eg har min egen versjon av dette liggande i bilen :mrgreen:

Takker for svar, folkens

Mvh. Karl :)

Re: MY99 9-5 SE 2.0t absorpsjonsfilter

Lagt inn: 25 sep 2009, 11:32
av Skaten N671
KMT skrev: Vidare har eg lest at 9-5 fram til ´00 vart levert med to separate filtre; partikkelfilter (er vel dette som er ved beina til frampassasjeren?) og absorpsjonsfilter.
Kan sjå ut som at 9-5 har mulighet for 2 stk filter i samme filterholder. Der det eine er av partikkeltype, og det andre aktivt kull. Sjekk WIS:

Bilde

Re: MY99 9-5 SE 2.0t absorpsjonsfilter

Lagt inn: 25 sep 2009, 13:43
av Karl N1641
Sjå HER ja - kjempe dette, Skaten :)

Det kan ut frå WIS sjå ut som at separat kullfilter skal sitte her (dersom ein har dette som ekstrautstyr) :


Bilde


Det separate kupefilteret med kull er nok erstatta med dette kupéluftilteret med integrert kullfilter ja.




OT:
Kjøpte EPC brukt frå privatperson når eg handla bilen, skulle vere orignal programvare levert frå Saab og greier. Ba tilogmed å få det bekrefta:

Meg: -Eg vil gjerne kjøpe 1 stk Saab elektronisk delekatalog, dersom du har fleire igjen. Dette er originalplate, ikkje brent kopi?
Selger: -Platen er kjøpt fra leverandør i Sverige og er original.

Kall meg gjerne naiv, men eg liker å stole på folk.. Vel, det viste seg sjølvsagt å vere ein svindyr heimebrent. Har i ettertid sett at fleire har gjort seg samme erfaring. Dette, i likhet med WIS, ville nok gitt meg svar på dette her (EPC-utgåva eg har er dog ikkje kompatibel med Vista)

Re: MY99 9-5 SE 2.0t absorpsjonsfilter

Lagt inn: 25 sep 2009, 13:51
av doo-kie
Ligger mange WIS til salgs på E-bay der det står det er org plata, og at de selges fra en nedlagt/konkurs forhandler.
Jeg prøvde å legge ut som link, men da ble en moderator skikkelig forbanna og låste tråden og sa masse bla bla, om at vi var et seriøst forum, og piratkopiering fy fy.
Kan ikke skjønne problemet. Når det står de er org, da må man jo tro på dette. Så kjør på :D

Re: MY99 9-5 SE 2.0t absorpsjonsfilter

Lagt inn: 25 sep 2009, 14:01
av Karl N1641
Vel, vel.

For å seie det slik; hadde eg visst at dette var kopi (jadda, burde sikkert skjønt det) hadde eg aldri kjøpt det av selger..

Nok OT :)

Case closed.