Saab 900 92´ batteri blir utlada over tid
Lagt inn: 24 mai 2014, 01:38
Hei.
Eg har problem med at batteriet på min Saab 900 92-modell blir tappa over tid. Det begynte med at batteriet var flatt når eg kom att frå juleferie og bilen hadde stått nokre veker. Eg tenkte det var naturlig sidan det var kaldt og den hadde stått lenge, så eg lada batteriet og alt var i skjønnaste orden heilt til den plutseleg var tom for straum at ca. ein månad seinare. Dominerande køyremønster var ein 5 minutts køyretur til og frå jobb to gongar om dagen. På grunn av dette køyremønsteret og kaldt vær tenkte eg at den kanskje brukte meir straum på kaldstart enn det eg rakk å lada på den korte køyreturen. Eg lada batteriet og køyrde på same måten i ein månad til, så var batteriet tomt att. Dette har gjenteke seg eit par gonger, så eg tenkte at det kanskje var dårleg batteri. For ca. ein månad sidan bytta eg til nytt batteri, og håpa at dette hadde løyst problemet heilt til bilen var tom for straum i går att. Dominerande køyremønster er framleis 5 minutt til og frå jobb, men no på sommarstid tenker eg at den bør halda batterinivået oppe sjølv om eg ikkje køyrer så langt. Har lada det nye batteriet att no og gjort nokre målingar.
Batterispenning 13,17 V (målt mellom polane på batteriet med motoren avslått).
Ladespenning 14,22 V (målt mellom polane på batteriet med motoren på tomgang)
"Lekkasjestraum" 0,02 mA (Dette er vel så godt som ingenting? målt mellom minuspol på batteriet og minusbatteriklemme som då var kopla frå batteriet. Er dette korrekt målemetode for dette?)
Set stor pris på tips og råd om korleis eg kan koma til bunns i dette.