Veit ikkje kor longt folk ellers her i landet har kome med sommardekkplanlegginga, men eg har nokre planar om å legge om no ein gong i neste veke. Skal då legge på dei gamle sommardekka, og so kjøpe nokre nye som skal på litt etterpå, når eg har fått reingjort og fiksa Aero-felgane etter vinteren.
I den forbindelse lurer eg på kva dekk folket her anbefalar til 900-en, eg har sett med ut 3 dekk som kan vere aktuelle, og det er snakk om 195/60-15 som skal på. Profilen er ikkje so bestemmt, men det vert anten 60 eller 55. 65 vert for stort på 900...

Dekka eg har sett med ut er:
* Brigdestone S03
* Falken FK451
* Pirelli P6
Nokon som har ein ide om andre bra som folk har bra erfaring med, so fyll på. Eller burde klubben kanskje få istand ein dekkavtale?