Mykje bra info av Trond N47 her, men han gløymer det viktigaste, nemlig motorane.
9000 har vorte levert med monge forskjellige motoralternativ eller rettare trimmingsgrad av motoren.
Den kjipaste (2.0i/130hk) har vore med sidan M85 og heilt til M98 som siste år.
Fysste årsmodell 9000 (M84) fikk en kun ein motor, og det er den mykje brukte 2.0 T16/175hk. Denne har vore levert med litt forskjellig effekt, frå 160hk (innføing av kat.) til 185hk, som M89 fikk du faktisk denne motoren med både 160, 165 og 175hk i hhv. CD, Turbo 16 (CC) og Talladega. Dette motoralternativet gikk ut i forbindelse med dei nye motorane, altså var siste år M93.
M90 kom den nye 2.3i motoren, 150hk hadde den. Var med fram til M95 som var siste år for den.
M91 kom den nykje omtala 2.3T, monge omtalar den som SAAB sin beste motor ever. Effektuttaket har vore 200hk på standardmodellar, medan Aero har hatt 225hk. Aero har dog. hatt ein annan turbo enn den vanlig 2.3T. Denne motoren var med fram til M98.
M96 kom ein nedtrimma versjon av 2.3T, denne versjonen gav 170hk. Denne var med til siste slutt, M98.
Som M93 kom ei anna nyvinning, nemlig lavtrykksturboen. Motoren var den vanlige 2 literen som med mellom anna annen turbo gav 150hk.
Dette er ein relativt sjeldan motor i 9000, M93 var faktisk det einaste året denne vart levert. Men M96 kom 2.0 ltt igjen på markedet, denne gongen også med 150hk, men iform av den nye kortmotoren.
M94 vart den nye lavtrykksturboen introdusert, no hadde den eit slagvolum på 2.3 liter, og gav 170hk. Denne fikk heller ikkje særlig long levetid, M96 var det siste året for denne.
Modellår M95 fikk 9000 V6-motor, og den var på 3 liter, og gav 210hk.V6-en fikk dog. berre vere med i to år, for som M96 var det slutt.
Merk, V6-en hadde ikkje turbo.
Dette var vel motorhistoria til 9k i korte trekk, effekta har svinga litt fram og tilbake som sagt, og dette er tatt etter husken. Korriger meg gjerne, for 9000 er ikkje det eg har mest kontroll på...
Verdt å merke seg er som Trond N47 skreiv, at alle motorar kom "nye" som M94 i forbindelse med at kortmotoren vart innført, også dei som vart levert med same effekt forbi dette skiftet (som 2.0i, 2.3i og 2.3T)
Ellers vil eg pirke litt på den Trond, 900-en kom i 78, med som årsmodell M79. Viktig detalj for oss entusiastar.
