Raud AA-registrert Saab i Trondheim
Lagt inn: 23 jun 2010, 22:36
Hei!
Kven du no enn er:
Vær grei og oppfør deg som folk!
To syklistar vart i dag "spylt ned" med spylevæske i Trondheimsområdet.
Bilen er identifisert som ein raud Saab med skilt som byrjar på AA.
Vedkommande som køyrde framføre deg observerte det heile, men fekk diverre ikkje heile nummeret ditt.
Denne oppførselen høyrer ikkje heime ein stad, spesielt ikkje langs vegen når du køyrer eit drapsvåpen på ~1 500 kilo i stor fart. Det fins inga unnskyldning som frikjenner deg for sånt.
Du er kanskje ikkje klar over det, men som syklist har ein all rett til, og krav om, å sykla langs veg.
Fortau, gangveg, samt gang- og sykkelveg er i all hovudsak tiltenkt fotgjengarar, barnevogner i syklistar som heldt tilnærma gangfart (det er lausleg definert som opp til 8km/h). Det er forbode for syklistar som har større fart enn 8km/h å opphalde seg på nemnde installasjonar.
(Ynskjer du, eller andre diskutere, så skal eg dra fram paragrafar, forskrifter og uttalar frå myndigheitene.)
Til vidare opplysing er oppførselen din faktisk straffbar; ref. artikkel i Aftenbladet: http://www.aftenbladet.no/innenriks/article666969.ece
Og når det gjeldt spylevæske:
Det er definitivt ikkje sunt.
Det inneheldt ulike stoff som er skadelig for auger, ved inntak og inhalering.
Faktisk så seier HMS-Databladet at ein skal bruke hanskar for å unngå hudkontakt, straks skylje om ein får det i augene og kontakte lege om ein svelger det.
Så når ein ufrivillig vert spylt med dette stoffet er knapt å unngå at ein fleire av desse tinga faktisk skjer.
Eg er usikker på jussen her, men ein skal ikkje sjå vekk frå at ein kan verte dømt til lekamsfornærming om syklisten vert skadd eller må til legebehandling.
Og vidare bør ein gjerne tenkje litt lengre enn sitt eige panser. Kva om ein av syklistane hadde mist kontroll på grunn av idiot-manøveren din? Ein velt ikledd 500g lycra og isopor kan føre til store skader; til og med dødsfall. Er du villig til å risikere andres liv fordi du skal skryte til venene dine om at du har spylt to syklistar? Er du villig til å gamble med andre helse fordi du er lei av "oss sykkelfantom" som ikkje har andre alternativ enn å sykle langs vegen?
Trur du me gjer det for å plage deg? Eller kan det vere fordi det ikkje fins reelle alternativ? (Eg har gått i asfalten i 60km/h - eg kan skrive under på at det ikkje er særs kjekt når det siste ein tenkjer når ein innser at ein tryner er: "Klarar han som kjem i mot å stoppe..?")
Og før nokon freistar arrestere meg på noko som helst:
Eg oppfører med på sykkel som i bil: Eg stoppar på raud, eg viker når eg har vikeplikt, eg svingar ut om eg hindrar trafikken og eg har generelt ei framferd som gjer det lett å sjå kvar eg skal. Det gjer også majoriteten av syklistar. Diverre er det nokre som øydelegg for oss alle.
Akkurat på same vis som at majoriteten av bilistar oppfører seg bra. Men enkelte individ øydelegg for andre. Og som bilist har ein eit større ansvar fordi ein har eit større og farligare køyrety. Kanskje ikkje juridisk, men moralsk.
Med helsing
Njål
Syklist, bilist og SAAB-eigar.