Side 1 av 1

Sverigetur! Tips & forslag mottas!

Lagt inn: 04 aug 2005, 21:13
av TurboKK N473
Har snart tenkt å ta meg ein liten bilferie til sverige. Reiser sikkert på ein fredag og vil vere i oslo ca. ved midnatt mellom fredag og laurdag. Ruta frå oslo hadde eg tenkt at skulle bli noko sånt:
oslo-uddevalla-trollhättan-göteborg

Har speedparts nokon utsalgsstader, der eg kan kjøpe delar utenom postordre, i uddevalla (eller evt. andre stadar på strekninga)? Og blir det evt. noko billigare når eg handlar delane i sverige i forhold til å bestille dei i norge?

I Trollhättan har eg tenkt meg ein tur innom Saabmuseet/-fabrikken. Det er vel å anbefale? Andre spennande ting eg kan finne i trollhättan?

I Gøteborg skal eg vertfall ein tur innom biltema. Må jo hamstre litt stæsj 8) Liseberg er vel også eit must. Andre ting eg må få med meg i gøteborg?

Fra gøteborg har eg tenkt å ta båt til kristiansand, og kjøre nordover til oslo. Nokon som har erfaringar med toll når eg skal på land der? Mange som blir sjekka?

Ellers er det berre å komme med tips og lure forslag til andre ting eg må få med meg eller tenke på!

Lagt inn: 06 aug 2005, 10:54
av TurboKK N473
:above: Ingen? Kom igjen da! 8)

Lagt inn: 06 aug 2005, 12:01
av Hjelle, N6
Tja,
Speedparts har lager/kontor i Uddevalla, prisane er like med dei norske prisane, einaste du sparer er valuttakursen.

Det einaste som er ope no i Trollhättan er vel museet, på fabrikken veit eg ikkje, mail til museet og høyr. Ellers er det eit must å ta ein tur på SAAB-ANA, verdens største SAAB-butikk. Ellers, nah, det skal visstnok være fin natur i Trollhättan, kor mykje tid du vil bruke på det veit eg ikkje, eg brukke i alle fall all mi tid på SAAB-relaterte aktivitetar... :) Om du kikar her: http://www.visittrollhattan.se/ finn du ihvertfall litt av kvart anna som Thn. har å by på.

Og ang. Biltema i Gbg., so må du huske på at Biltema snart opnar i Ålesund, kanskje ikkje alt som er som er verdt å drage med seg heimatt, som kan handlast like rimlig her?

Lagt inn: 06 aug 2005, 12:44
av TurboKK N473
Hjelle, N6 skrev:Tja,

Var ikkje klar over at biltema kom til ålesund :shock: Det har eg venta på lenge... Veit du nøyaktig når den opnar? Såg på internett og der stod det berre at det var i August.

Men takk for tipsa. Blir nok mest Saab-relatert i trollhättan ja 8)

Det er fritt fram for å kome med fleire tips!

Lagt inn: 06 aug 2005, 12:47
av Joachim N370
SDCC kan også være vært et besøk... :wink:

Lagt inn: 06 aug 2005, 12:50
av TurboKK N473
Saabcab#370 skrev:SDCC kan også være vært et besøk... :wink:
Kva er det for noko?

Lagt inn: 06 aug 2005, 13:02
av Hjelle, N6
TurboKK_N473 skrev:
Saabcab#370 skrev:SDCC kan også være vært et besøk... :wink:
Kva er det for noko?
SAAB sitt eige bilopphøggeri, http://www.sdcc.se

Biltema opnar vel snart, kjem annonser i Sumpen reknar eg med.
Dei skal ha butikk der NKL-lageret var tidligare, nede i Breivika. OBS bygg held også til der.

Biltema!

Lagt inn: 06 aug 2005, 14:55
av TurboRoger_N486
Får håpe de fortsatt selger bridgespoiler på biltema - lyst på en sånn på 9-5'en! :D