Ja, ellers kan eg gjere en variant på kvite markeringslys istaden for oransje lys, hadde det på min forrige 9-5. Den bakerste plassen i kombilykta fila eg ut, og sette inn ein trepola pæreholdar, der eg lot 5W-delen av pæra være konstant markeringslys, og 21W-delen være sideryggelys. Fungerte flott utan problem ved teknisk kontroll, noko US-lys kan gi.
Når det gjeld LED-lys er eg ikkje heilt sikker på kva du meinar. Er du ute etter å erstatte dei vanlige køyrelysa, eller skal du ute ette å ha slike "signaturlys" som nyare bilar har, ala 9-3 M08->, nye 9-5 og fks Audi?
Om du har tenkt å bruke det som nærlys kan du jo lese litt her, om kva krav til plassering som vert stilt:
http://www.lovdata.no/for/sf/sd/xd-1994 ... .html#28-4
Det eg skriv no er ikkje so veldig relevant iforhold til kva du spør om, men kan jo kanskje være betrakningar omkring LED som er verdt å ta med. Har litt erfaring med LED sjøl, på lastebilen min har eg originale Scania LED grøftelys, altså fabrikkmonterte lykter, ikkje konverterte eller slike ettermarkedspærer. Akkurat dei gir mindre lys enn dei tidligare reflektorane med halogenpærer har gjordt, men det er muligens en fordel når en brukar grøftelysa slik dei er tenkt. Har på det året eg har hatt bilen (køyrelengd ca. 100k) ikkje hatt behov for å bruke grøftelysa i tett skodde eller lignande, dei har utelukkande gått som køyrelys på dagtid. Har det koda slik at når brytaren står på "0", altså til venstre er det kun park+grøft som vert brukt.
Slike LED-pærer som en monterar i vanlig glødepæresokkel har eg lite til overs for. Det gir eit utrulig dårlig lys, sikkert litt avhengig av kva type lykteglas en har. Eit LED-lys vil jo helst ha eit klart lykteglas for å kome til sin rett. Det har etterkvart vorte vanlig å bruke LED-lys som markeringslys på lastebil, monge som har eldre bilar med kun glødepæresokkel kjøper slike pærer, men holdbarheita i tillegg til kva lys en får ut er rett og slett elendig. Er nok en grunn til at ordentlige LED-lys har bra kapsling mot fukt og skit. Eg brukar derimot slike pærer som innvendig belysning, der har holdbarheita vist seg bra, men mengda lys er jo betraktelig dårligare enn ei glødelampe også her. På enkelte Scania finns det to lampar i taket der kvar lampe har to lyspunkt, der det eine er eit 5W "leselys", og det andre er eit 21W kupelys. Det eg har gjordt er å bytte ut 5W pærene med raude LED-pærer, noko som gir eit OK lys i kupeen nattestid som ikkje sjenerar møtande trafikk.
På det settet eg har no har eg derimot ordentlige LED-markeingslys heile veien rundt. Fordelen med desse er jo at en får eit klart lys som viser godt i fks. regnvær, og ikkje minst når det regnar og er mørkt. Ulempene er desverre fleire spør du meg. På snøføre avgir LED-lampar for lite varme, ergo klarer ikkje varmen ifrå LED-pærene å smelte snøven som legg seg på lyktene, noko som resulterar i mykje stopping om en skal sjå noko til dei bakerste markeringslysa. Styrken på pærene vert også gradvis dårligare, ikkje som ei glødelampe som berre sluttar å virke. Til slutt når LED-lampane må byttast, er det ikkje noko en kan gjere i felten, då en må klippe kabelen og sørge for ei tett kopling, noko som ihvertfall ikkje eg har med utstyr til å gjere etter veien. Med glødepærer byttar du enkelt pæra på 2-3 minutt... Her kjem også kostnaden inn, du kan bytte veldig mykje pærer og "innmat" berre på kva det kostar for LED-pærene i innkjøp (eit slikt LED-markeringslys kostar vel rundt 500 pluss moms), samt at det vert ein arbeidskostnad pluss at en må sette av tid til å få bytta dette også.
Og ser det flott ut? Nei, ikkje i mine auge, men smaken er jo somkjent delt. Eg synes heller det er flottare med glødelampar som fyller skikkelig ut lampane, istaden for punktbelysning.
Men litt tilbake til det du spør om, ei LED-pære på 3-5W vil nok ikkje stette kravet til nærlys idag ihvertfall (krav om at det skal lyse minst 40m), men det er ei utrulig utvikling innen dette også. Monge brukar idag LED i ekstralys og arbeidslys, det har også begynt å kome lys med ei akspektabel spredning, ikkje berre punktbelysning som har kjennetegna tidligare LED-lys. Spørsmålet er jo berre korleis en kan stette krava til lysmengd og spredning for eit nærlys, samtidlig som det ikkje blende eller sjenere møtande trafikk. Dei fleste opplever jo eit LED-lys ganske meir intensivt enn ei vanlig halogenpære, men at det framover kjem til å kome mykje meir LED-belysning i privatbilar er det ingen tvil om.