Denne veka (mandag-torsdag) har karavana vore på Sunnmøre, og sidan det i dag er onsdag vil karavana vere der i morra også før ho set kursen mot Bergen etter det eg forstod.
Var ein tur idag og gassa lite, prøvde 3 bilar, 9-3 1.9 TiD 150hk manuell, 9-3 Aero aut og 9-5 Aero Estate aut.
Synes TiD-en var grei nok, men ikkje noko særlig meir, mulig eg hadde litt for høge forhåpningar der. Drog forsovidt godt nok, men det var ikkje noko særlig til aks på bilen synes eg. Men når den kom i fart var den ikkje særlig tungbedd, den drog i grunnen godt også på høge gir.
Men dette som er var nemnt er vel hhv. den svake og sterke egenskapen til diesel, men alt i alt ei grei dieselbrakke, og sjølvsagt eit betre alternativ enn den gamle 2.2TiD.
Foressten fysste gong eg køyrde 6-trinns manuell kasse i SAAB, og det fysste som møtte meg var faktisk ein bil som ikkje som stod i revers når nøkkelen var ute. Fysste gong det er registrert på ein SAAB med nøkkelen på rette plassen.

Kassa var grei nok, litt tilvenning å legge den i sjette gir, sidan vi vanligvis har reversen der... ;D Ellers var kassa grei å gire, men litt tilvennings trengs på å treffe gira, enda litt for ofte opp i femte når eg skulle til tredje. Ikkje for det, motoren var sterk nok til å klare det på flate veien når andregiret nesten vart tømt. Men somsagt, det er nok å godskrive sjåføren... ;D
Ellers var 9-3 Aero og 9-5 Aero eit greit gjensyn, men denne gong i automat tapping. Som vanlig litt lite kløss i 9-3en, men litt meir leven i femman. Konklusjonen etter å ha fråtsa i div. modellar vart også denne gongen at det er 9-5 som er bilen for meg, Aerostolane i M05 er fantastiske for dei som ikkje har fått testa...

No påpeikte rett nok SAAB sin representant at motorane ikkje løsna før etter vel 10kkm, begge Aeroane hadde vel rundt 4kkm på mäter'n, so litt meir kraft ville kome seinare, heldigvis.
Ellers vart det ein liten test av navisystemet i 9-3, eg synes det fungerte bra. Likte spesiellt den saken på infodisplayet oppe på dashbordet som varsla om rundkøyringar osv. Kjekk sak. Eit minus for potensielle kundar er rett nok at det var ei svensk stemme som geleida, men for meg var ikkje det noko problem. Synes også kartet var ein smule dårlig, ved stikkprøve på kva stadnamn som låg inne sakna eg ein del namn, men mulig dei låg under gateadresser og ikkje stadnamn. Er eit lite forbetringspotensiale, men alikavel betre enn forrige gong dette vart prøvd.