Ronald skrev:Spyker startet jo med et Saab med 1.2 milliarder SEK på konto. (Salg av lisenser til BAIC)
Sølt bort på 1.5 år
Det koster enormt mye å drive bilproduksjon å NEVS har jo sine cash i skatteparadis etter sigende ... Jeg er mere skeptisk til dette enn Spyker.
Vel, mykje av desse pengane var vel brukt opp før Spyker kjøpte SAAB, husk på at pengane ifrå teknikksalget gikk med til den daglige drifta, etter GM skrudde att pengekrana.
Grunnen til at teknikken vart seld til BAIC var jo at GM hadde jo sine problem tilbake i 2009 og fatta beslutt om at SAAB skulle avviklast. SAAB fikk en del pengar (150mill US-dollar) som eit siste konsernbidrag, som skulle rekke til enten SAAB fikk en ny eigar eller vart avvikla. SAAB gikk i denne perioda på ekstremt sparebluss i håp om at en ny eigar skulle overta. Når pengane GM hadde sett av til SAAB tok slutt, måtte en rett og slett finne ting å selge, og dermed vart avtalen med BAIC gjordt.
Det er at NEVS er nyoppretta og som du seier, har røtter i skatteparadis som gjer meg bekymra.
At det ikkje er nokon dum ide og vri over til elbilproduksjon er jo en ting (SAAB hadde jo eit eige elbil-prosjekt før konkursen), men eg trur rett og slett ikkje tida er moden for elbilar, problemet til no har vore at bilane vert for små, og rekkevidda for begrensa. 9-3 ePower som avbilda har vel ei rekkevidde på ca. 200km, prosjektet gikk vel so longt at det skulle byggast 200 testbilar, men eg er usikker på om dette vart noko av? Uansett, bilen på bildet er køyrbar, under SAABsUnited Oktoberfesten i 2011 var det mulig å prøvekøyre ePower for dei som var tidig ute å booke prøvekøyring.
Å gjere som det har vore oppe i media no, at det skal produserast bensin/dieselbilar også er fornuftig, men spørsmålet er om NEVS er villig til å ta kostnaden med dette, for ein so gammal bil som dagens 9-3 faktisk er.
Men om en skal gå innatt på elbilsporet, eg seier som Tim Rokka på SAABsunited.com, husk på at SAAB har vore pionerar på mykje (husk turboen), kanskje det er rett tid for å satse på en elbil no?