Når eg kom heim drog eg opp peilepinnen for olje, den såg slik ut!:
Slik ser det ut nedover i påfyllingsrøyret:
Legg merke til vanndråper til høgre i røyret, det ser også ut som det berre er på denne sida at den gule "majonesen" er.
- Bilen er ein 9,5 2,3t 2002 modell, veivhusventilasjon skal ha blitt oppgradert når eg kjøpte bilen for ein 4-5 mnd sidan, og det blei då også skifta olje. Sidan den gang har vel bilen blitt køyrt toppen ein 2-3 000km.
- Dei siste 1-2 mnd har bilen nesten utelukkande blitt køyrt småturar på 5-10 min, med nokre få lengre (20-60 min) turar.
- Tikkelyd frå motoren ved tomgang har sakte, men sikkert komme den siste tida.
- Ingen varsellys eller feilmeldingar frå SID.
- Ikkje noko tydelig forbruk av kjølevæske (så forhåpentligvis ikkje toppakning?)
Fann eindel informasjon her: viewtopic.php?f=12&t=13408 , og tenkte kanskje at dette er kondens, men synes det ser så mykje ut at er litt usikker på kva eg bør gjere.
Bør eg prøve ein motorrens og oljeskift, eller bør eg ta bilen til verkstad?
Kan eg evt fylle på litt olje? Det er litt vanskelig å sjå frå peilepinnen kor mykje olje det er, men den ser nokså tørr ut ovanfor minimumsmerket. Ser for meg at om eg tømmer olje ned i påfyllingsrøyret så vil den dra med ned ein del av denne "majonesen".. Nokon god ide på korleis eg kan rense påfyllingsrøyret evt?
Tusen takk for gode råd!
