Fikk etterfyllt anlegget mitt i fjor, det kostet rundt 1500.- trur eg.. Har seinare fått med meg at det finnest noko som kallast avfuktings filter(/gitter??), og at det bør kontrollerast, iallfall når ein får fyllt opp med gass, dersom dette ikkje er heilt i orden, so kan det gå ut over levetida til kompressoren

, og det kan jo anbefalast å ta godt vare på den, skal vere ein dyr komponent å byte..
Sensoren for kupè temeratur er ofte full i støv, ta av dekselet og støvsug, dersom du slår tenninga på og av, og lytter, så kan du høyre motoren suse svakt. Den går litt etter at tenninga er slått av, ca 1 min. tipper eg.
Når du slår på tenninga, så skal den innstilte temperaturen vise i skjermen til klimaanlegget med ein gong, dersom det kjem opp eit anna tal først, (1 eller 2 feks.,) er dette antal registrerte feil på anlegget..
Ein liten sjekk du kan gjere sjølv, bør vere litt varme ute for å få raskt resultat, men du kan kanskje parkere i solveggen

Sett anlegget på "LO", og sjekk temperaturen på røra i motorrommet, bilens høgre side. Det skal vere eit "varmt" og eit "kaldt", dersom det er liten forskjell, så kjøler ikkje anlegget, det kan skyldes lite gass. Lykke til, hald oss underretta!

MVH Gunnar Medl. N326
9-3 '02 2,3 prosjekt...
9-3 2.0s '98
9-5 Estate 2.0t aut '01

Solgt

9-3 2,3i '98, nå avskiltet delebil.
x 9000cse 2.3t '96(solgt)
x 9000cc 2.3i '90 (solgt)
x 9000cc 2.0T '90(totalvraket)